LogoOsterøy Spel- og Dansarlag (OSDL) kjem frå Osterøy, like utanfor Bergen. Laget deltek aktivt i konkurransar og har markert seg godt dei seinare åra, med gode plasseringar i NM for Folkemusikk, Landskappleiken, og andre lokale kappleikar, som t.d. Vestlandskappleiken.

På desse sidene vil du finna bilete frå kurs, turar o.l., informasjon- og historia om laget og, ikkje minst, om utgjevingane våre - FelaLiv (2012) og Spikjespel (2003). Du vil òg finna ei samling av folkemusikkrelaterte lekkjer, som me vonar du kan dra nytte av.