FelaLiv (2012)

FelaLiv (2012)Vår nyaste utgjeving vart sleppt 20. mai 2012 på Logen Bar i Bergen. OSDL har til denne utgjevinga samla alle sine aktive og erfarne felespelarar, og gått nye vegar. Det som byrja på eit kurs i slåttearrangering med gruppa Gamaltnymalt i 2008 har nådd sitt logiske klimaks. Denne andre CDen frå OSDL er eit produkt av spelemennene og speledamene sin eigen kreativitet og skaparvilje. I samarbeid med meistrane Håkon Høgemo, Sigrid Moldestad og Einar Mjølsnes samt på eiga hand har me denne gongen latt oss inspirere til å eksperimentere med eldre melodiar.

Mange tradisjonelle slåttar har fått nye arrangement, mellom anna med stemmer for cembalo og piano. Medan nokre vakre lydarslåttar står urørt, har andre slåttar, som i si tid mellom anna inspirerte Ole Bull, fått kreative innslag frå meir utanlandske musikkartar. I tillegg har samtidsmusikk for hardingfeler fått ein eigen plass med Huldresong av Marcus Davidson.

# Artist Tittel Lytt til utdrag
1.
FelaLiv Hopparen / Cotton Eyed Joe
2.
FelaLiv Gangar etter Sjur Eldegard
3.
FelaLivPotelurkjen
4.
FelaLivVossarudl
5.
FelaLivFossegrimen
6.
FelaLivSpringar etter Gudmund Eide
7.
FelaLivStølstien
8.
FelaLivKanonrudl
9.
FelaLivHalling frå Osterøy
10.
FelaLivSylkjeper
11.
FelaLivModulasjonsspringar
12.
FelaLivHuldresong