Spikjespel

SpikjespelOSDL har til no gjeve ut ein CD: Spikjespel - Folkemusikk og Røvarar frå Osterøy (2003)

CD-historie:

"Spikjespel" var i utgangspunktet meint som ein intern produksjon, mynta på bestemødrer og til nød bestefedrar. Me har heile tida sett på CD-innspelinga som eit prosjekt for å gje laget eit musikalsk løft, eit samlande mål å arbeida mot.

"Å vera i spikje" er eit lokalt uttrykk for å vera vill og galen. Opptaka skulle me sjølve gjera i Hamre kyrkje. Men to veker før innspelinga viste det seg at lokalet var lite eigna. (Uttrykket "Ljomagraut" stammar frå prøvene der.)

Å samla 28 spelemenn som er utvandra til alle slags avkrokar av landet er ikkje lett. Å ha produsent busett i Canada gjorde det ikkje lettare. Men til vår store overrasking lèt det ganske bra då me hadde øvingar, og nokre dagar før den opphavelege innspelings-helga fann me ut at innspelinga skulle utsetjast, og at me heller ville laga til konsert i kyrkja.

Me bestemte oss så for å ta steget heilt ut, og Grieghallen Lydstudio i Bergen vart kopla inn.

Frå medlemene i laget fekk me inn om lag 90 forslag til slåttar som skulle vera med. Dei 23 som no er med på plata, er eit slags tverrsnitt av det laget har drive med dei siste åra, ikkje nødvendigvis eit utval av det beste.

Men me tykkjer resultatet vart bra, særleg sidan me sjølve veit kva slags gjeng blengvaurar* me er. Vonleg er det fleire enn oss som kan ha glede av denne plata!


*Blengvaur er synonymt med sotnavar, evt. sosaladd.

# Artist Tittel Lytt
1.
Seniorane Nystovene
2.
Seniorane Gamlingen på Tynnebotn
3.
Juniorane & SenioraneÅshild Revheim 1&2
4.
SjøglBrakvatne-hamborgar
5.
SenioraneBrakvatne-reinlender
6.
SenioraneBrakvatne-rudl
7.
IngvildGråtaren
8.
Kvintett i pappenUnderdalsmarsjen
9.
Juniorane & SenioraneUna-Reinlender (& Øvsthusen)
10.
SenioraneEinlidskarspringar
11.
SenioraneOla R. Midtbø
12.
Silje Midtbø VevleVon
13.
SenioraneMuraren
14.Juniorane & SenioraneBrakvatne-vals
15.
SenioraneApalhaugen
16.
Seniorane + TrentGjeralden
17.
IndrepeisaneNystølen
18.
LaustausnaSylkjeper
19.
Seniorane + Trent og Tor GunnarBaklengsen
20.
Håkon Høgemo
Huldreslått
21.
SenioraneNils Tveit
22.
SenioraneDu mamma mi