Sjokoladekappleik er borna sin kappleik

Kan du synge, spele eller kanskje danse så kan du delta på sjokoladekappleik!

Terskelen er låg for å delta og alle får premie. Du kan kanskje gjette kva det er…?

På Vestlandskappleiken er det sjokoladekappleik, og det er berre å møte opp. Det er gratis å
delta på sjokoladekappleik!

LAURDAG, 6.oktober.
TID: Klokka 12.00
STAD: Osterøy Vidaregåande Skule

Påmelding: paamelding.folkemusikk.no.

Sjokoladekappleik er eit uformelt arrangement der ungar som driv med dans, spel og
kveding kan delta. I staden for poeng delar dommarane ut sjokolade og diplom. Dette er ei
god trening i å opptre, og målet er å få så mange unge som råd fram på scena. Det viktigste
er å ha det moro!

Vi vonar mange finn vegen til Lonevåg denne laurdagen. Det er moro for ungane når det
er godt med publikum, så hjarteleg velkomne til Sjokoladekappleik både — deltakarar og
publikum!

 

  • Sponsorar, Vestlandskappleiken 2012
  • Sponsorar, Vestlandskappleiken 2012
  • Sponsorar, Vestlandskappleiken 2012
  • Sponsorar, Vestlandskappleiken 2012
  • Sponsorar, Vestlandskappleiken 2012
  • Sponsorar, Vestlandskappleiken 2012
  • Sponsorar, Vestlandskappleiken 2012
  • Sponsorar, Vestlandskappleiken 2012