Musikkverkstad for born og unge

Musikkverkstaden passar for born i alle aldrar, som speler fele eller toradar. Ein kan
vere heilt nybyrjar, eller ha spelt i nokre år. Instruktørar er Jon Jelmert på fele, og
Linda Skjerping på toradar. Begge instruktørane er svært flinke å tilpasse verkstaden
til ulike nivå, slik at alle kan vere med, uansett kor lenge ein har spelt!

Fekk du instrumentet ditt no i haust? Då kjem det til å låte supert på «eine strengen
eller eine knappen»….eller du kan spele på rytmeegg, og hjelpe dei andre med å
halde takten…. Har du spelt i litt fleire år? Ja, då er det deg me treng for å få fart på
melodien… Meld deg på!

Tid: Fredag 5.oktober frå kl 18.00-20.00
Stad: Osterøy Vidaregåande Skule, Lonevåg

Etter musikkverkstaden, vert det framføring av det dykk har lært, på opningskonserten til kappleiken!

Dette vert utruleg kjekt, så om akkurat DU har lyst å vere med, så er det berre å møte opp! Det er gratis å delta på musikkverkstaden!

Påmelding: paamelding.folkemusikk.no.

 

  • Sponsorar, Vestlandskappleiken 2012
  • Sponsorar, Vestlandskappleiken 2012
  • Sponsorar, Vestlandskappleiken 2012
  • Sponsorar, Vestlandskappleiken 2012
  • Sponsorar, Vestlandskappleiken 2012
  • Sponsorar, Vestlandskappleiken 2012
  • Sponsorar, Vestlandskappleiken 2012
  • Sponsorar, Vestlandskappleiken 2012