• JoomlaWorks Simple Image Rotator
  • JoomlaWorks Simple Image Rotator
  • JoomlaWorks Simple Image Rotator
  • JoomlaWorks Simple Image Rotator

Nyheiter

LogoOsterøy Spel- og Dansarlag (OSDL) kjem frå Osterøy, like utanfor Bergen. Laget deltek aktivt i konkurransar og har markert seg godt dei seinare åra, med gode plasseringar i NM for Folkemusikk, Landskappleiken, og andre lokale kappleikar, som t.d. Vestlandskappleiken.

På desse sidene vil du finna bilete frå kurs, turar o.l., informasjon- og historia om laget og, ikkje minst, om utgjevingane våre - FelaLiv (2012) og Spikjespel (2003). Du vil òg finna ei samling av folkemusikkrelaterte lekkjer, som me vonar du kan dra nytte av.

 
 

Immateriell kulturarv: Springar frå Osterøy

Springar frå Osterøy er ein pardans og høyrer i folkedans samanheng til hovudgruppa Bygdedans. Springaren er ein del av bygdedanstradisjonane innanfor eit tradisjonsområde som strekkjer seg frå og med Rogaland til og med Sunnfjord. Denne tradisjonen kan førast tilbake til 1600 talet eller kanskje jamvel før. Springar frå Osterøy er ein av mange former for springarar i Hordaland. Dansen følgjer eit oppbyggingsmønster som har tre ulike delar; vendingsdel, lausdans og ein samdansdel.

Heile artikkelen til Geir Reigstad kan ein lesa på nettsida til Immatriell kulturarv.

 

Hordamønstringa 17. mars 2018 på Osterøy

Det vert Hordamønstring på Hauge (Osterøy) laurdag 17. mars! Sjå her for meir informasjon.

Les mer …
 

«Osterøymusikken»

- I ei kyrkje i Bergen sentrum sit to hardingfelespelarar og ein lydteknikar og speler inn ei uvanleg plate.
Frå Bladet Folkemusikk, nr. 2/2015

 

Opplæringsbok i hardingfelespel

 

Jon Jelmert si bok "Opplæring i hardingfelespel" frå 1996, kan no kjøpast gjennom Osterøy sogelag sin nettbutikk:

Les mer …
 

Gje grasrotandelen din til Osterøy Spel- og Dansarlag!

Osterøy Spel- og Dansarlag er med på Grasrotandelen hos Norsk Tipping. Det tyder at du som spelar kan bestemma kva overskotet i Norsk Tipping skal gå til. Dette gjeld Tipping, Lotto, Vikinglotto, Keno og Joker.
Les mer …
 
<<  Juni 2018  >>
 man  tir  ons  tor  fre  lør  søn 
      1  2  3
  4  5  6  7  8  910
11121314151617
18192021222324
252627282930