Historie - Magne Kleiveland (Einlidskaren)

Artikkelindeks
Historie
Magne Kleiveland (Einlidskaren)
Alle sider

Magne Pederson Kleiveland (1804-1892) var husmann i Einliskaret på Kleiveland, og har såleis fått tilnamnet ”Einliskaren”. Han må ha byrja tidleg å spela, for då han gifte seg i 1827 med Marta Johannesdotter Rongve, skal ho ha sagt: ”Spelemannskona det vil eg vera, mykje å eta og lite å gjera”. Her tok ho i alle tilfelle feil; ho og Magne fekk i alt ti born, men to av dei døydde som speborn. Dei levde eit fattegsleg liv, for spelemannsyrket gav ikkje dei store inntektene. Magne laut difor ta seg ymse attåtarbeid slik det fall seg, m.a. laga han tresko og jobba som bygningsarbeidar. Men så smått må det ha vore i Einliskaret, at i alle fall frå og med 1846, kanskje før, fekk dei støtte frå fattigkassen som såkalla ”Husarme”. Marta døydde i 1858, vart Magne sjølv plassert på legd, berre 54 år gammal. Legd ville seie at brukarane på bydene ikring måtte byta på å hyse Magne. Borna vart utsett til folk i bygdene så snart dei var store nok. Året etter at Marta døydde, gifte Magne seg oppatt med enkja Synneva Johannesdotter Koppen. Ho var 16 år eldre enn Magne, og ho og hadde vore på fattigkassen sidan ho vart enkje.

Som spelemann var Magne noko utanom det vanlege. Spelelæraren hans var Nils Rekve (1777-1846) frå Voss. Han vart halden for ein av dei fremste spelemennene i si samtid. Magne var ikkje den einaste på denne tida som lærde av utanbygdarar, men det kan sjå ut til at han har henta meir på denne måten enn dei fleste andre av hans likesinna her i bygdene. Einliskaren hadde mange læregutar. Mellom desse var Johannes Vollertson Vevle (1838-1916), som i sin tur hadde Nils Brakvatne som læregut, og Johannnes fortalde oppglødd om kor flink Einliskaren var.

Og at Magne var noko utanom det vanlege som spelemann skjønar me etter kva Brakvatne skreiv i eit brev til Arne Bjørndal i 1918: ”Han skulde ogso kunna noko so eg ikkje rigtig vilde tru, men Vollertson sa han hadde sett han hadde gjort det. Det var som der ikkje skule vore bein i fingrane hans. Han kunde fletta fingrane, det vil seia han kunde svøipa eine fingeren yvi hin aa setja han på hin strengjen aa samljoden vart so mjuk aa rein at det var reint kjøkkjande.” Ein annan skal ha sagt at ”Skar’n va fæl te kråta spele sitt, da va ’kje svært høgt, men mjukt og reint va da”.

Einliskaren hadde ei Tveita-fele til vanleg. Desse Samnangerfelene, laga av Johannes Bårdson Tveit, var vanlege for mange spelemenn her i bygdene. Men elles skulle han ikkje vera så nøye på fela. Einliskaren kunne mange slåttar. Vollertson fortalde at han hadde lært over 150 slåttar berre av Magne.

Einliskaren vart fleire gongar henta ned til Valestrand eller til Bergen, for å spela for Ole Bull. Den store fiolinisten ville høyra Einliskaren spela, læra slåttar av han og skriva på notar fleire av slåttane. ”Hopparen” som Ole Bull brukte mykje, skal vera ein av slåttane han hadde etter Einliskaren, likeins ”Storemylnaren”, ein slått som er kjend elles i landet, men som hjå oss vart kalla slik fordi også Myllarguten spelte han. Då Ole Bull i 1850 opna teateret sitt i Bergen, baud han inn fleire av bygdaspelemennene han kjende, m.a Einliskaren. Og på sine eldre dagar snakka Einliskaren ofte om Ole Bull og det var tydeleg at han var byrg av å ha spelt og vore saman med den vide kjende kunstnaren. At Ole Bull skreiv ned slåttane var for Einliskaren heilt ubegripeleg: Han sat me ryggjen mot meg, Bull’n, når eg lærde han å spela, dei andre snudde seg allti te meg og såg på fingralag og bogadrag og lærde vek for vek soleisna. Men Bull’n brydde seg ikkje som da han. Nei eg hev ’kje hatt hass makje.”

Musikkarven etter Einliskaren kjenner me best gjennom noteoverføring. Av dei som lærde slåttar av Einliskaren, kan delast inn i tre liner. Den eine lina går gjennom Johannes Vollertson Vevle, som igjen var læremeisteren til Nils Brakvatne. Det er likevel ikkje meir enn 6 Einliskar-slåttar Brakvatne har ført over på notar. Av desse er m.a Sylkje-Per, ein mykje brukt bruremarsj, og Gråtaren, som skal ha fått namnet sitt etter jenta som miste kjærasten sin som var spelemann. Når ho sat ved rokken og song på denne måten, byrja ho å gråta.

Den andre lina går gjennom Rongve. Der på garden hadde Einliskaren frå midten av 1860-åra tre ungdomar i spelelære, Lars Rongve (1851-1932), Baste Rongve (1850-1926) og Lars Espevoll (1851-1950). Lars Rongve var onkel til fyrste kona til Arne Bjørndal og han skreiv på notar 15 Einliskar-slåttar etter Lars, m.a. Dørdislåtten og Apalhaugen, to springarar som er mykje brukt i dag. Dei fleste av desse slåttane har Lars Rongve opplyst at han lærde i perioden 1864-1870 og dei fleste hadde Einliskaren etter Rekven.

Ei tredje speleline etter Einliskaren går om Mæle. Her var det tre brør som utmerka seg som spelemenn, Johannes (1859-1951), Magne (1862-1921) og Per (1869-1911). Johannes Mæle lærde seinare mange slåttar til Olav Antun, som han skreiv ned på notar. Av desse er 6 etter Einliskaren.

Når me tenkjer på kor stor slåttekunne Magne hadde, er det litt rart at så få slåttar, trass alt, er kjende som Einliskar-slåttar. Jon Jelmert, som er godt kjend med folkemusikken på Osterøy, har også gissa på at Einliskaren sitt spell var så spesielt og vanskeleg å ta over og føra vidare at slåttane hans difor lettare gjekk i gløyme., utan at ein av den grunn skal nedvurdera læregutane til Einliskaren, dei vart alle rekna som dugande bygdaspelemenn.

Det spesielle ved Einliskar-spelet vert understreka av noko som Nils Brakvatne siterer etter Vollertson. Han legg vekt på at Einliskar-spelet hadde si eiga form og rytme, ”der var noke persolegt ved det som store spelemenn jamt hava”. Brakvatne held det opp mot Mosafinn-spelet: ”Sjølvsagt kunde Ole Mosefinn aa andre dugande spelemenn ha vene fargar i spelet sit, som ikkje Einliskarden hadde, men at Einliskardspelet (Rekvedspelet) paa sin måte var ovfagert, ja til dels reint gripande, er der ikkje tvil um”.