Historie

Artikkelindeks
Historie
Magne Kleiveland (Einlidskaren)
Alle sider

Osterøy Spel- og Dansarlag vart skipa i 1976. Etter nokre år med relativt få felespelararar i laget, byrja rekrutteringa å ta seg opp utover på 80-talet. Dette skuldast hovudsakleg at Jon Jelmert kom til Osterøy i 1982. Han ispirerte mange unge til å byrja å spela, og alle felespelarane (utanom Håkon) som er med på "Spikjespel", har hatt Jon som læremeister. Han har òg gjort eit stort arbeid med å samla inn og ta i bruk slåttar frå Osterøy og Nordhordland.

 Etter kvart som aktiviteten på felefronten auka, byrja òg fleire å dansa. Det er særleg den nye garden av felespelarar som har rekruttert foreldra sine inn i dansinga. Geir og Jartru Reigstad har stått for ein stor del av vidareføringa av dansetradisjonar, særleg har dei teke i bruk og lært vidare dei lokale danseformene, slik som Springar frå Osterøy.

I tillegg til dette driv me med kveding og toradarspel. Laget vårt er no eit av dei spelemannslaga i landet som har størst medlemstal i høve til folketalet i kommunen. Samanlikna med andre lag, er det uvanleg mange born og unge i medlemsflokken.

Opp gjennom åra har me arrangert to Hordakappleikar, i 1994 og 1997. Ungdommane i laget har arrangert sine eigne kappleikar; tre Ormhaugkappleikar, som etter kvart vart "stor-arrangement". Dette var i 1993, 1994 og 1997, og til tider overgjekk påmeldinga i A-klassen Hordakappleikane!

I tillegg arrangerte OSDL Vestlandskappleik i 2004.