Gje grasrotandelen din til Osterøy Spel- og Dansarlag!

Osterøy Spel- og Dansarlag er med på Grasrotandelen hos Norsk Tipping. Det tyder at du som spelar kan bestemma kva overskotet i Norsk Tipping skal gå til. Dette gjeld Tipping, Lotto, Vikinglotto, Keno og Joker.

Dersom du vel Osterøy Spel- og Dansarlag som mottakar, vil laget få 5% av det beløpet du speler for. Grasrotandelen går på ingen måte utover innsatsen eller premien din, og du vert ikkje belasta for å vera grasrotgjevar.

Dei 5% du vel å gje er det Norsk Tipping som betalar.

GrasrotandelenMe vonar sjølvsagt at mange vil velja å støtte laget vårt, og det kan du enkelt gjera på ein av følgjande måtar:

1. Hos kommisjonær: Ta med deg spelekortet ditt, og kommisjonæren ordner resten. Last ned organisasjonsnummer og strekkode her, for enkelheits skuld. Du treng ikkje dette dokumentet, men då går det raskare hos kommisjonæren.

2. SMS: Send GRASROTANDELEN 993630993 til 2020 (Tenesten er gratis)

3. Internett: grasrotandelen.no

4. Norsk Tipping Mobilspill

Du trenger berre å gjera dette ein gong. Då vil 5% av alle dine framtidige spel tilfalla OSDL, inntil du eventuelt vel ein annan mottakar eller seier opp ordninga.

Takk for at du støttar oss!