Opplæringsbok i hardingfelespel

 

Jon Jelmert si bok "Opplæring i hardingfelespel" frå 1996, kan no kjøpast gjennom Osterøy sogelag sin nettbutikk:

 

http://www.osteroy-sogelag.org/nettbutikk/index.php?main_page=advanced_search_result&search_in_description=1&keyword=Jelmert

 

 

 

Boka inneheld gode opplæringsslåttar som steg for steg byggjer opp speleteknikken, frå opplæringa startar til vidarekomne nivå. Slåttane er ordna etter aukande vanskegrad, frå fyrste spelestart og fram til enkle nasjonalslåttar i kvar hovudtradisjon.

 

Denne boka med nybyrjarslåttar

  • er retta mot lærarar i hardingfelespel i eller utanfor musikkskulane
  • vil vere til nytte for lærarar i spel på vanleg fele
  • er nyttig for deg som er notekunnig og som vil lære hardingfelespel på eigahand.