Hordamønstringa 17. mars 2018 på Osterøy

Det vert Hordamønstring på Hauge (Osterøy) laurdag 17. mars! Sjå her for meir informasjon.

Informasjon om arrangementet

Det blir tevling i alle ordinære klassar på dagtid, i lokala til Osterøy vaksenopplæring (tidlegare Hauge skule). Sjokoladekappleik for dei minste på ettermiddagen, og deretter fortset tevlingane. På kvelden blir det runddanstevling, premieutdeling og dans i ungdomshuset Framhall på Hauge. Det blir sal av mat og drikke heile dagen.

Årsmøtet i Hordaland folkemusikklag vert halde under kappleiken.

Påmelding og betaling her innan 5.mars:

https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLSe8AQUtRvVO56zY5hekOPdpjSjHOMf-s6SOkipBkKXG59vPjg/viewform?c=0&w=1

Hugs å merke betalinga med namn!

Deltakarar på sjokoladekappleik blir oppfordra til å melde seg på i forkant, men kan og møte opp same dag.

Me håper at mange vil bidra til å lage ein god dansefest om kvelden! Ta kontakt for å sette dykk på dansespellista.

Program

Osterøy vaksenopplæring på Hauge:

Stemnekontor og kafè opnar kl 10

11-14: Tevlingar
14-16: Sjokoladekappleik
16-18:30: Tevlingane fortset

Ungdomshuset Framhall på Hauge:

19-20: Runddanstevling
20-01: Premieutdeling og dans

 

Prisar

Deltaking: (eingongsavgift)

Senior: 150,-
Junior: 50,-
Lag/Grupper: 500,-
Sjokoladekappleik: Gratis

Publikum:

Vaksne: 200,-
Born under 15 år: 150,-
Born under 6 år: gratis

 

Kontaktpersonar:

Påmelding: Sindre Fotland, tlf 976 60 094
Dansespel: Kristoffer Kleiveland, tlf 917 02 011

Kappleiksgeneralar:

Silje Midtbø Vevle, tlf 936 85 243
Helga Revheim, tlf 958 98 728
Silje Solberg, tlf 915 94 468

 

Vel møtt!

Helsing Osterøy spel- og dansarlag